Velkomen til Kristtornbua!

I det fine kulturlandskapet like ved Aker Stord ligg Kristtornbua sentralt plassert, ca 1. min kjøring frå E39.

Ovafor Kristtornbua ligg ein gravhaug frå Jernalderen. Nedanfor er landskapet prega av øya Stord sin største og finaste kristtorn-skog, som me gjerne tar omvisningar i.

Me som driv Kristtornbua vil også gjera vårt besta for at ditt firma, lag, burettslag, eller vennegjeng skal trivest på beste mogelege måte med god heimelaga mat i koselege omgivnader. Her dekker me langborda til alle årstider. Mens praten går livleg inne ved peisbålet fyrer me i den stor gassgrillen og griller dei herlegaste fileter. her er det fuglesong, stemningsfull musikk, allsong og kanskje det lokkar med ein svingom på den oppvarma uteplassen…? Gjestene som ventast til gards er ofte ute etter ei anna oppleving enn ein ganske alminneleg restaurant kveld. Her kan kvelden leggast opp i mange retningar. Til dømes: Cowboy-kveldar, kulturkveldar med aktivitetar, eller De kan enkelt og greitt berre slappa av og finne roen i det fine kulturlandskapet som Kristtornbua ligg i. Kom våren, prise sommaren, helse hausten, eller det nærmar seg julebord, ta kontakt med udnadalsvert Gunn eller Hans Langeland så kan me skreddarsy ein kveld etter Dykkar interesser!!

Hva skal det vere? Sjekk menyforslag her.

Betre kristtorn finn du ikkje! Sal av kristtornkransar og pyntegrønt.

I Udnadalen kan du velge å slappe av i naturlege omgivnader.